Nær fem milliardar i ny gründerpakke

Næringsminister Iselin Nybø (V) legg fredag fram ein tiltakspakke for næringslivet på nær fem milliardar kroner.

Næringsminister Iselin Nybø (V) legg fredag fram ein tiltakspakke for næringslivet på nær fem milliardar kroner. Foto:

Av

Regjeringa legg fredag fram ein ny tiltakspakke for næringslivet verd nærare fem milliardar kroner. Halvparten skal gå til vekstbedrifter og gründerar.

DEL

TV 2 var først ute med å melde om detaljane i pakken, som blir presentert fredag. Næringsminister Iselin Nybø (V) stadfestar opplysningane overfor DN.

– Grunnen til at vi gjer dette, er at gründer- og oppstartsmiljøet er så viktig. Det handlar om nye arbeidsplassar og gode idear. I den kritiske situasjonen vi er i, må vi halde på dette, så vi har eit levande miljø når koronakrisa er over, seier ho til avisa.

I pakken har regjeringa lagt inn 2,5 milliardar kroner i tilskot til unge vekstbedrifter og auka ramma for innovasjonslån med 1,6 milliardar kroner, til 3 milliardar. Tiltaket er retta mot små og mellomstore bedrifter som har utviklingsprosjekt for å skape ny aktivitet og unngå permisjonar.

Regjeringa ønsker òg å setje av 300 millionar kroner i eit rentetøttefond, 50 millionar kroner til private innovasjonsmiljø som ikkje blir støtta av Selskapet for industrivekst (Siva), 250 millionar til næringsretta forsking og auke investeringskapitalen i Investinor med 1 milliard.

Nybø og finansminister Jan Tore Sanner (H) legg fram krisepakken fredag morgon.

Stortingets finanskomité skal forhandle om tiltaka gjennom helga. Målet er å få pakken vedteke tysdag.

(©NPK)

Artikkeltags