Nær 40 prosent av foreldra redde for å sende borna tilbake i barnehage og skule

REDDE: 40 prosent av foreldre som er spurde om kva dei tenker om at skular og barnehagar skal opne igjen er redde for å sende barna av garde.

REDDE: 40 prosent av foreldre som er spurde om kva dei tenker om at skular og barnehagar skal opne igjen er redde for å sende barna av garde. Foto:

Av
DEL

Om eit par veker blir barnehagane og småskulen opna att. Nær 40 prosent av foreldra tykkjer det er utrygt å skulle sende borna tilbake, viser ei undersøking.

Undersøkinga er utført av Kantar på oppdrag av TV 2.

Tysdag denne veka kunngjorde regjeringa at barnehagane blir opna att 20. april, medan skulane blir opna frå 27. april for 1.–4. klasse og SFO.

I Kantar-undersøkinga svarar 38 prosent at dei ikkje tykkjer det er trygt å sende borna tilbake igjen.

Regjeringa bestemte 12. mars å stenge ned skulane og barnehagane i landet for å hindre ytterlegare smitte av koronaviruset.

(©NPK)

Artikkeltags