– Auken kjem av at det har vore mykje meir smitte i 2022 enn tidlegare i pandemien, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad til P4.

16. mars passerte Noreg 2.000 koronadødsfall. For to veker sidan var talet 3.890, viser tal frå Folkehelseinstituttet.

– Sjølv om vaksinane vernar godt mot å bli alvorleg sjuk, så er det klart at når fleire millionar menneske blir smitta, så er det også nokon som døyr, og særleg dei aller eldste, seier Nakstad.

Dei fleste som døyr, er over 80 år, og 60 prosent bur på sjukeheim.