Det skriv Bergens Tidende, som fortel at det er ei årsak som går att: Fødselshjelparane ventar for lenge med å få barnet ut. Det blir og peika på at fødekvinnene er blitt eldre, sjukare og tyngre. I tillegg syner gjennomgangen at manglande utstyr, manglar med journalverktøy, sviktande sortering av risikofødsel og dårleg kommunikasjon mellom avdelingar kan vere moglege årsaker.

I 2021 var det over 12.000 fødslar i Helse vest, som omfattar Rogaland og Vestland. I 97 tilfelle enda det med dødfødsel, at barnet døydde etter forløysinga eller kom til verda i dårleg forfatning. Perinatalkomiteen har gått gjennom dei 97 tilfella, slik dei gjer med alle fødslar med dårleg utfall. Komiteen består av fagfolk i kommunehelsetenesta og på sjukehusa.

I årsrapporten er hendingane sortert i kategoriane uunngåelege eller mogleg uunngåelege. 20 av fødslane, der 11 barn døydde og ni vart skadd, vart vurdert som mogleg uunngåelege. I fem av desse 20 fødslane var barna dødfødde. I seks tilfelle døydde dei etter fødselen, medan ni var alt for tidleg fødde eller nesten livlause.

Leiaren av komiteens arbeidsgruppe for Haukeland, Voss og Førde, Randi Mette Steen, er seksjonsoverlege på fødeavdelinga ved Førde sentralsjukehus. Ho understrekar ovanfor BT at når komiteen kallar ei hending mogleg uunngåeleg, er det med utgangspunkt i kva utfallet kunne ha vore dersom alle faktorar var optimalisert. Det er difor ikkje sikkert at dei 20 tilfella kunne ha vore unngått, sjølv om dei seier det er mogleg.