Gå til sidens hovedinnhold

Nakstad: – Det kjem nye råd for kollektivreiser og munnbind

Assisterende helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier at det om kort tid vil komme nye råd for mellom anna munnbind og reiser med kollektivtransport.

[FIRDAPOSTEN]: – Nye råd vil komme om få dagar, seier han til TV 2.

Helsemyndigheitene ser blant anna på korleis ein kan få ned talet reisande som reiser samstundes. Dei ser også på korleis arbeidsplassar kan ha heimekontor og justere arbeidstidene, ifølge Nakstad.

– Klare råd om kva situasjonar der munnbind blir aktuelt, vil også komme, seier han.

Den siste tida har mellom andre fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland bedt nasjonale myndigheiter om å vurdere påbod om munnbind i kollektivtrafikken. I samband med oppstart etter sommerferien er både han og helsebyråd Robert Steen (Ap) i Oslo bekymra for smekkfulle vogner i kollektivtrafikken.

(©NTB)

Kommentarer til denne saken