NAF: Sandalar i bil kan skape farlege situasjonar

FEIL SKO: Ikkje gjer denne feilen i sommar, er oppfordringa frå NAF.

FEIL SKO: Ikkje gjer denne feilen i sommar, er oppfordringa frå NAF. Foto:

Ta deg bryet med å skifte frå sandalar og flipflops før du køyrer bil i sommar. Det er rådet frå NAF.

DEL

– Flipflops og lause sandalar kan henge fast i golvmatta og skape farlege situasjonar når du sit bak rattet, seier Ingunn Handagard, senior kommunikasjonsrådgjevar i medlemsorganisasjonen NAF i ei pressemelding.

Riktig fottøy er viktig når du er sjåfør, anten du skal køyre kort eller langt. Mistar du kontakten med pedalane kan det få store konsekvensar.

– I den augneblinken du må reagere raskt må skoen følge med frå gass til brems, seier Handagard i pressemeldinga.

Difor rår NAF til at det i sommarvarmen er smart å ha eit par sko liggande bak i bilen, slik at det er enkelt å skifte fottøy. Dei meiner nemleg at det heller ikkje er noko godt alternativ å køyre berrbeint.

– Sjølv ein liten stein kan utløyse refleksen der du trekker til deg foten, i staden for å trykke den normalt ned. Gode køyresko er flate, har elastisk sole og sit godt rundt foten.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken