– Dette er testen på om vi har ei distriktsregjering, seier han.

På eitt år har prisane stige med 40 prosent.

– Prisauken råkar distrikta mest, og burde vore møtt med kraftige avgiftskutt, seier Skjøstad i ei pressemelding.

NAF-direktøren meiner at regjeringa no må vise at dei er ei regjering også for Distrikts-Noreg. Tal frå NAF viser at ni av ti i distrikta brukar bil på kvardagsreisa si. Det er samtidig i distrikta at elbil-delen er lågast.

– Det er ingen tvil om at dei høge drivstoffprisane rammar distrikta dobbelt. Derfor er det oppsiktsvekkjande at vi har ei klar distriktsregjering som ikkje evnar å gjere noko med dei høge drivstoffutgiftene, seier NAF-sjefen.

Skjøstad reagerer på at regjeringa ikkje held eigne løfte, der dei i Hurdalsplattforma skriv at dei skal kutte avgifter som rammar vanlege folk. Han viser til at på drivstoff er det rom for kraftige kutt, som vil merkast på pumpene:

Skjøstad meiner at handteringa av energikrisa står til stryk. I fleire månader har regjeringa vilja vente å sjå, medan prisane berre har auka.

– For svært mange, spesielt i distrikta, er drivstoff nødvendig i kvardagen fordi det ikkje finst alternativ til bilen, og desse bilane går på diesel og bensin. Då rammar det hardt når du må betale nær 30 kroner literen.

(©NPK)