Naboar klaga på høg musikk frå russen

Innringar var også uroa for fuglelivet.

DEL

I ellevetida torsdag kveld kom det klagar på høg musikk frå russ på Øyrane i Førde. Ein av innringarane var ifølge politiet også uroa for fuglelivet i området, då det er hekketid.

Politiet skriv at dei vart einige med russen om at støynivået skulle haldast nede, og at dei kunne bli viste bort dersom det kom fleire klagar.

Det kom ingen fleire klagar.

Artikkeltags