Gå til sidens hovedinnhold

Nabo oppdaga røykutvikling og fekk bebuarane ut av huset

Det vart meldt om røykutvikling frå ein kjellar i Øvre Årdal på laurdags formiddag.

Klokka 10:33 laurdag meldte 110 Vest om kraftig røykutvikling frå ein kjellar i Øvre Årdal. Ein halvtime seinare meldte dei at røyken hadde avtatt og at brannvesenet har kontroll på staden, men at dei leita etter kjelda til røyken.

– Røyken har no letta, seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik i 110 Vest.

– Det skal ikkje vere snakk om flammar, seier han.

Brannvesen på staden hadde først litt problem med å finne ut kvar røyken stamma frå, men tenkte at det kanskje kom frå eit slags varmeanlegg i huset.

Klokka 11:37 meldte 110 Vest at røykutviklinga kom på grunn av varmgang i ein kjølekompressor.

Drotningsvik seier brannvesenet er på staden og undersøker.

Nabo som oppdaga

Det var i kjellaren i ein einebustad Naustvegen i Øvre Årdal at røyken oppstod.

– Det var meldt om mykje røyk, seier vaktkommandør Drotningsvik.

Det skal ha vore naboar som oppdaga røyken.

– Då sprang dei ned og fekk folk ut av huset, seier han.

Kommentarer til denne saken