Gå til sidens hovedinnhold

Mutert virus på Kaupanger

– Ikkje overraskande, seier ordførar Arnstein Menes. 

SOGN AVIS: I eit pressemøte måndag ettermiddag stadfestar ordførar Arnstein Menes at utbrotet knytt til Kaupanger skule dreier seg om mutert virus av britisk type.

– Me har fått svar på første prøven og denne personen har mutert virustype, seier Menes, som seier kommunen var budd på at utbrotet kunne vere av mutert virustype.

Han seier kommunen har vore i dialog med FHI etter at dei fekk melding om dette.

– Dei har gjeve oss støtte i måten me har handtert dette på og det endrar ikkje på våre tiltak, seier Menes.

Kommentarer til denne saken