Gå til sidens hovedinnhold

Musikkbingen til Vevring skule stenger tunnelen i eit kvarter

Klokka 09.55 fredag melder Vegtrafikksentralen at riksveg 5 Naustdalstunnelen blir stengd i eit kvarter på grunn av brei transport gjennom tunnelen.

Den breie transporten er musikkbingen, ein container der ein kan ha bandøvingar i, som er på veg frå Kalland i Naustdal, med politieskorte, via Eikefjord og til Vevring skule. Det er Førde Kran som står for oppdraget, melder ein tipsar til Firda.

Musikkbingen skal løftast over Vevring Skule, til ny tomt bak skulen. Der skal den lydisolerte modulen få nytt liv som øvingslokale for born og unge i alle aldrar.

Kommentarer til denne saken