Klare for Balejazz

Vamp har eksistert i 24 år og har gitt ut 13 album.

Vamp har eksistert i 24 år og har gitt ut 13 album. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Lista over artistane som skal spele på årets Balejazz 8.-10.mai, er klar.

Festivalen startar fredagen med at Vamp går på scena i Balestrand, med den nye gitaristen Bjørn Berge saman med originalvokalist Jan Toft. Fredagen held fram med blant anna Hot Club de Norvège, Bergen Bluesband og Odd René Andersen med band.

Laurdagen blir det mellom anna konsert med Sigrid Moldestad, Bergen Bigband og Solveig Slettahjell.

– Også i år har Balejazz som mål å treffe flest mogleg med konsertane sine. Og vi har dessutan som mål å fornye oss. I år består det av fleire ting: Vi skal ha ein skulekonsert for ungdomsskulen i Balestrand, vi skal ha jazzmesse i Den Engelske kyrkja søndagen og vi lanserer ein ny konsert klokka 14.00 laurdagen, seier festivalsjef Sigurd Kvikne som tradisjon tru gler seg til årets festival.

Laurdagen vert det som vanleg gratis hagekonsert, men kven som vil spele her er endå ikkje klart.

– Eg gler meg til Bergen Bigband med Fliflet/Hamre. Det blir ein spennande konsert, med mektig lyd og litt humor. Så er eg sjølvsagt kjempeglad for at vi har fått Lava tilbake til Balejazz, seier festivalsjef Kvikne.

Han legg til at det i tillegg vil bli eksperimentell jazz- og bluesinspirerte konsertar p klubbscenene.

Årets line-up:

  • Vamp
  • Lava
  • Odd René Andersen
  • Ibrahim Electric
  • Sigrid Moldestad
  • Hot Club de Norvège
  • Bergen Blues Band
  • Ståle Storløkken
  • Solveig Slettahjell & Sigbjørn Apeland
  • Bergen Big Band & Fliflet/Hamre
  • Rypdal/Storløkken/Vinaccia
  • Ole Børud
  • Molvær/Aarset/Bang
  • Jazzmesse
  • Unge talent

Artikkeltags