– Vi fekk ein ny felles designprofil i fjor, så då er det heilt naturleg at vi også etter kvart skiltar slik at alle musea har same profil, seier Jan Heggheim, administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane.

No er kvart museum skilta veldig ulikt, av den grunn at dei er ulike organisasjonar, fortel Heggheim. Men innan året er omme skal dei tolv musea få skilt etter den nye profilen.

Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde og Nordfjord folkemuseum er først ut.

Skilta som kjem opp blir inntil 3,5 meter høge og inntil 1,5 meter breie. Arbeidet vil totalt koste 600.000, stadfestar prosjektleiar Øyvind Tåsåsen.

No har naboane til kunstmuseet fått nabovarsel. Viss ingen av dei har merknadar, kan arbeidet setjast i gang relativt kjapt. Byggeigar Vestland fylkeskommue, Sunnfjord kommune og vegmyndigheitene har allereie sagt ja, opplyser Tåsåsen.

– Kunstmuseet i Førde stod klart i 2012. Kvifor har ikkje det kome skilt på museet før no?

– Det kan eg ikkje svare på, men det er eit vanskeleg bygg å skilte. Arkitektur og omgjevnader er krevjande, svarar Heggheim.