Munnbind kan bli tilrådd i Noreg – allereie innført på Island og i Danmark

Av

Det kan bli aktuelt å tilrå munnbindbruk i Noreg ved ei eventuell smitteblomstring. Island har innført delvis krav, og Danmark tilrår bruk.

DEL

– Dersom munnbind blir brukt, bør det brukast rett. Du må mellom anna sørgje for at munnbindet dekkjer både munn og nase, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet (FHI) på pressekonferansen på fredag om koronasituasjonen.

– Munnbind kan ved ei eventuell blomstring bli aktuelt å tilrå i Noreg, til dømes i situasjonar der det er vanskeleg å halde avstand. I midten av august skal vi sende råda våre til departementet, seier Vold.

Fleire land har innført krav om bruk av munnbind i ulike situasjonar der folk er tett på kvarandre. Blant dei nordiske naboane våre er Island først ute. Fredag innførte landet krav om munnbind der det ikkje er mogleg å halde to meters avstand, mellom anna på offentleg transport, fly og hos frisøren. Samtidig strammar landet inn andre tiltak i kjølvatnet av ei smitteoppblussing på øya.

I Danmark oppmodar helsestyresmaktene folk til å ta med seg munnbind når dei reiser kollektivt og bruke dei dersom det blir trongt om plassen på bussar, tog og metro.

FHI: Framleis gjetting å anslå når vi kan ha ein vaksine

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken