Ei motorsykkelulykke har skjedd på rv. 57 ved Rysjedalsvika i Hyllestad fredag klokka 12.34.

Ifølge politiet er det utanlandske personar involvert i ulykka, men hendingsgangen er ukjent.

Skadeomfanget er også ukjent for politiet, men dei melder at ein av personane har opplyst å ha smerter i ein fot.

Naudetatane er på veg, og trafikken går forbi.

klokka 13.29 melder politiet at den skadde personen er ein utanlandsk borgar i 40-åra, og at skadeomfanget er ukjent. Politiet kjenner heller ikkje identiteten til den skadde.

Det er forøvrig berre MC-føraren som er skadd, og politet melder at vedkommande truleg blir henta i luftambulanse.