Klokka 18.40 tysdag melde 110-sentralen at ein motorsykkel med éin person hadde velta i Stemberdalen i Aurland.

Som følge av velten skal det ha byrja å brenne i sykkelen.

– Det var eit mindre branntilløp, men det er no sløkt, sa vaktkommandør Helge Lund på Alarmsentralen 110 Vest litt før halv åtte.

I tillegg til brannvesenet, er vart også luftambulanse send til staden, ifølge Lund.

Når det gjeld kva som kan ha skjedd, seier han følgande:

– Det var ein motorsykkel med ein mann på, som måtte vike unna for ein sau.

Stemberdalen, også kjend som Stemmerdalen, ligg langs fv. 50 ved Vetlebotnvatnet i Aurland kommune.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tore André Brakstad, seier at mannen er send med bilambulanse til Voss sjukehus for behandling, men at det ikkje er snakk om alvorleg personskade.

Det er ikkje mistanke om ruskøyring, men sidan mannen vart skadd, vert det rutinemessig oppretta sak.