Gå til sidens hovedinnhold

Motorsykkel trefte autovern i Stad kommune. Førar til sjukehus

Klokka 11.14 melde 110 Vest om ei trafikkulykke i Stad kommune.

Ein motorsykkel skal ha treft autovernet på Fv. 61 ved Juvatnet, nære Maurstadeidet.

Det var ingen andre køyretøy eller personar involvert i ulykka.

Brannvesen frå Møre og Romsdal er på staden.

Føraren er frakta til sjukehus for undersøking og oppfølging.

Trafikken vert dirigert forbi staden.