Klokka 08.20 onsdag morgon fekk politiet melding om ei trafikkulykke.

Ulykka vart først meldt å vere i Leirgulen i Bremanger, men politiet opplyste kort tid etter at det var feil. Ulykka har skjedd på Blålidvegen i Deknepollen i Nordfjord.

Ein motorsykkel og ein personbil har kollidert, og naudetatane er sendt til staden.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stein Rune Halleraker, seier føraren av motorsykkelen skal ha køyrt inn i bakenden på bilen. Ulykka skal ha skjedd i låg fart.

Ambulansepersonell tar hand om ein person som har meldt om smerter. Skadeomfanget er enno ukjent, men ingen personar skal vere fastklemde eller medvitslause, opplyser Halleraker.

Politiet anslår å vere på ulykkesstaden rundt klokka 09.00.

Klokka 10:30 melder politiet på Twitter at dei er ferdige på staden. Føraren av MC er sendt til lokal legevakt, skadeomfanget er framleis ukjent. Det er mindre materielle skadar og politiet har avhøyrt førar av bil og MC, og dessutan eit vitne.

Politiet vil opprette sak på hendinga.