Klokka 16:35 fekk Vest politidistrikt melding om ei trafikkulykke på rv. 52 ved Borlaug i Lærdal.

Ein motorsykkel har køyrt av vegen, men føraren skal vere medviten og oppegåande.

Både politi og ambulanse er på staden og føraren vert sett til av helsepersonell.

Det skal ikkje vere trafikale problem som følge av ulykka, opplyser politiet.