Verdas første i sitt slag

Ei slik elferje vil traffikere Lavik-Oppedal frå 2015.

Ei slik elferje vil traffikere Lavik-Oppedal frå 2015. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Men den batteridrivne elferja må ladast kvar gong ho kjem til kai.

DEL

02. november i år avgjorde Samferdsledepartementet at reiarlaget Norled fekk tildelt anbodet på drifta av strekninga Lavik-Oppedal frå 2015 til 2024.

I dag, 9. november presenterte dei den nye elferja, som er ei av tre større ferjer som skal traffikere sambandet.

– I anbodsrunden vart det sett som krav at ei av dei tre ferjene skal ha spesielt gode miljøeigenskapar. Dette har no ført til at sambandet vil få verdas første batteridrivne "større bilferje",skriv Samferdselsdepartementet i ei pressemelding.

Ferja går på batteri og kan frakte 120 bilar og 360 personar, og skal frå 2015 trafikkere E39 Lavik-Oppedal.

Utsleppsfri

– Dette er utruleg stort og bra. Eg ser enormt fram til 2015, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen til NRK.

Kryssing av fjorden med denne elferja vil vere utsleppsfri.

– I forhold til ei dieselferje snakkar vi om ein reduksjon på 50 prosent av energibehovet. Utsleppa blir lik null, seier Gustavsen til NRK.

I anbodsrunden var det eit krav om minimum 20 prosent forbetra energi- og miljøeffektivitet. Norled AS skåra høgst på kriteria, og hadde samstundes lågast pris.

Hyppig lading

Ferja som skal gå på straum, må ladast kvar gong ho er til kai. Likevel er Gustavsen sikker på at ferja kjem til å bli driftssikker.

– Det er ikkje slik at folk skal vere redde for at ferja er tom for straum midtfjords, seier han til NRK.

Han fortel også at mykje av grunnen til at det er mogleg å drifte ferja på batteri er at den er svært lett. Ferja er difor laga av aluminium.

Kortare ventetid?

Med tre ferjer på strekninga, i staden for to slik det er no, vil også kapasiteten på sambandet bli noko betre, men Gustavsen kan ikkje gje noko konkret svar på kor mykje betre kapasiteten vil bli, seier han til NRK.

Artikkeltags