Veg stengd sidan søndag

Raset ved Hundsåna er rundt 50 meter breidt og inneheld stein, jord og røter.

Raset ved Hundsåna er rundt 50 meter breidt og inneheld stein, jord og røter. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Veit ikkje kor tid vegen mellom Førde og Askvoll blir opna igjen.

DEL

Fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll har vore stengd sidan 1. juledag, då det gjekk eit ras ved Hundsåna.

- Det er eit ras med jord, stein og røter som er rundt 50 meter breidt. Raset gjekk ein gong mellom klokka 18 og 18.20 på søndag, seier anleggsleiar John Kleppe i Veidekke, som har driftskontrakt med Statens vegvesen på strekninga.

Må ha helikopter
Han fortel at det er veldig lite sannsynleg at vegen blir opna igjen i løpet av tysdagen, sidan dei ventar på geolog som skal vurdere rasstaden.

- Vi har bestilt geolog i helikopter. Førebels har geologane fullt opp å gjere med europavegen, i tillegg er det heller ikkje flygeforhold for helikopter, seier Kleppe.

Geologvurderingane må gjerast frå helikopter, sidan det er einaste måten å få overblikk over den bratte fjellsida der raset har gått.

- Hald deg heime
Fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll er pendlarveg for mange som arbeider i Førde.

Dei som skal til eller frå Askvoll må derfor køyre om Dale og ta ferja mellom Dale og Eikenes. På dette sambandet er det auka frekvens på ferjeavgangane.

- Men eg vil oppmode alle som ikkje må ut på vegen om å halde seg heime, seier Kleppe.

Artikkeltags