Om du får dette brevet, har du dårleg tid!

BREV: Veldig mange gløymer å ta EU-kontrollen innan fristen, det gjer at Statens vegvesen årleg må sende ut meir enn 500.000 purringar.

BREV: Veldig mange gløymer å ta EU-kontrollen innan fristen, det gjer at Statens vegvesen årleg må sende ut meir enn 500.000 purringar. Foto:

Av

BIL:Kvart år vert det sendt ut over ein halv million purringar til bileigarar som ikkje har hatt køyretøyet på EU-kontroll.

DEL

(broom.no)Det vert utført over to millionar EU-kontrollar på bil i Norge kvart år. EU-kontrollen (eller periodisk køyretøykontroll som det heiter formelt) vart innført for å luke ut trafikkfarlege køyretøy.

Her sjekkar ein fleire punkt som har med sikkerheit og miljø å gjere. Til dømes rust, avgassutslepp, støy – og bremseverknad på rullar.

Generelt er regelen at personbilar skal inn til kontroll annakvart år, første gong i fjerde kalenderår etter førstegongsregistrering.

Tidlegare fekk bileigarane brev i posten, med varsel om at bilen snart måtte til kontroll. Men denne ordninga vart avvikla i 2009. No er det bileigaren sitt ansvar å sjølv passe på og følge opp. Det vert ikkje alltid gjort.

– Nei, vi sender årleg ut over ein halv million purringar til bileigarar som av ein eller annan grunn ikkje har hatt bilen til kontroll innan fristen. Talet er relativt stabilt. Dei siste åra har det variert frå 511.000 i 2015, til 548.000 i toppåret 2013, fortel Simen Narjord som jobbar med kommunikasjon i Statens vegvesen.

Dette brevet vert sendt ut éin månad etter den opphavlege fristen har gått ut. Og no byrjar det å haste. Ny frist til å få gjennomført kontrollen er då ut inneverande månad.

– Etter dette vert det ikkje sendt ut fleire påminningar. Om bilen ikkje er godkjent innan den nye fristen, vert det automatisk sendt kravsmål om avskilting, fortel Narjord.

– Skjer det med mange?

– Også dette talet må ein sei er stabilt. Det ligg på rundt 200.000 årleg. Slik vert det også etter alt å dømme i år òg. Til og med juni i år var talet på kravsmål om avskilting nemleg på 104.975, fortel Simen Narjod.

Kravsmål om avskilting betyr i praksis at bilen kan bli avskilta når som helst. Risikoen for at det kan skje har også auka betrakteleg dei siste åra.

Ute på kontrollar bruker både vegvesenet, politiet og tolletaten nå scannerar som automatisk sjekkar registreringsnummer på bilane som passerer, opp mot den sentrale databasen.

Om det her er registrert kravsmål om avskilting, er det berre å vinke inn bilen og ta skilta.

Frå februar 2019 vert det nye reglar med omsyn til når bilen skal inn på kontroll. Det siste sifferet i registreringsnummeret har så langt gitt ein viktig påminning om når bilen skal inn til EU-kontroll. Har du fem som siste tal, skal til dømes bilen på EU-kontroll i mai. 

Men det vert det altså slutt på. No vil kontrollfristen verte bestemt av dato for førstegongsregistrering og siste godkjente kontroll, uavhengig av tala i registreringsnummeret.

For dei fleste betyr det at dei kan kontrollere bilen når dei vil, så lenge den vert godkjent innan to år etter siste godkjente kontroll. Den nye ordninga vil byrje etter kvart som køyretøya er til kontroll.

Den fristen du har i dag gjeld til det vert gjennomført ein ny kontroll, og neste kontroll vert då to år etter dette igjen. (ANB).

Artikkeltags