Frå i dag er det nye reglar for EU-kontroll

EU-KONTROLL: Frå og med fredag 8. februar er det nye regler for EU-kontroll

EU-KONTROLL: Frå og med fredag 8. februar er det nye regler for EU-kontroll Foto:

BIL: Den kontrollfristen du har i dag gjeld inntil du har gjennomført neste EU-kontroll.

DEL

Ifølge Statens vegvesen vil bileigarar få større fleksibilitet ved at dei kan gjennomføre EU-kontrollen når det passar for dei. Før var det slik at siste siffer bestemte når bilen skulle inn på kontroll, medan no kan du sjølv velje kor tid du vil utføre kontrollen så lenge bilen er godkjent før fristen.

– Vi kjem til å sende deg eit brev med påminning om EU-kontrollen to månadar før fristen går ut, seier avdelingsdirektør Henning Harsem i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Gradvis innfasing

Den nye ordninga vil skje gradvis etter kvart som bilane er til kontroll. Det er ikkje slik at alle bilar plutseleg får ny frist i februar.

– Den kontrollfristen du har ved overgangen gjeld til du har gjennomført ein ny kontroll. Deretter får du ein ny frist basert på den datoen du utfører hovudkontrollen, utdjupar Harsem i pressemeldinga.

Intervalla for kontroll blir dei same som i dag. Det vil seie at personbilar stort sett skal inn første gong etter fire år og deretter annakvart år, medan køyretøy over 7.500 kilo skal inn kvart år.

Endeleg kontrollfrist

Kontrollfristen er endeleg. Det betyr at bilen din må vere godkjent innan fristen. Rekn derfor nok tid til å få gjennomført hovudkontroll, rette eventuelle manglar og få utført etterkontroll. Overheld du ikkje fristen for EU-kontroll, kan bilen bli avskilta om du møter Vegvesenet, politiet eller Tolletaten langs vegen.

– Omlegging av systema våre inneber at verkstadane ikkje kan utføre EU-kontroll fredag 8. februar. Dette vil i liten grad påverke bileigarar, seier Harsem i pressemeldinga.

FLEKSIBELT: No kan du gjennomføre EU-kontrollen når det passar for deg.

FLEKSIBELT: No kan du gjennomføre EU-kontrollen når det passar for deg. Foto:

Artikkeltags