Harald (16) lærekøyrde veteranbilen sin i paraden på Skjærgårdstreffet: – Eg har gleda meg til å kunne køyre bil i fleire år

Det var mange gamle og flotte køyretøy i veterankøyretøyparaden på Skjærgårdstreffet. Ein bil skilde seg spesielt ut, med «L» bakpå. Bak rattet sat 16 år gamle Harald Huseklepp.