Godkjent og kjøpt av Audi

Ståle Thorbjørnsen fekk fredag melding om at Audi har godkjent dei som leverandør.

Ståle Thorbjørnsen fekk fredag melding om at Audi har godkjent dei som leverandør. Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Saint Jean Wheels AS kan endeleg starte produksjon av hybridhjulet.

DEL

– Det er ei skikkeleg lette å bli godkjent av Audi. Eg er veldig glad for at vi no endeleg kjem i gang med produksjon, seier fabrikksjef Ståle Thorbjørnsen til Firda, etter at Audi sist veke var i Høyanger for å kontrollere om Saint Jean Wheels har utstyr og kunnskap til å produsere og levere felgar slik som Audi ønskjer.

Frå før har felgen bestått alle tekniske testar, og fredag fekk fabrikksjef Thorbjørnsen omsider gladmeldinga han og staben har jobba hardt for. Både felgen og produksjonen i Høyanger er klarert av Audi. Saint Jean Wheels skal i starten levere 100 felgar i veka til den tyske bilprodusenten, og første leveranse skal siste veka i juni. I første omgang skal det produserast på eitt skift, 5 dagar i veka.

Ny metode

Konseptet er at felgfronten blir støypt og emnet til felgbana blir ekstrudert. Etter at bana er «flowforma», vert den og fronten friksjonssveisa saman, og den ferdige felgen er om lag 30 prosent lettare enn felgar av tilsvarande storleik framstilt på tradisjonell måte.

– Vi har jobba med å få dette til i 2,5 år, og det har vore ein lang veg å gå med både bratte motbakkar og krevjande nedturar, fortel Thorbjørnsen.

– Produktutvikling tek tid, og utan å vere tolmodige kjem vi ingen veg. Hittil er produktutviklinga finansiert av eigaren St. Jean Industries i Frankrike, og vi er glade for at eigaren vår har trudd på oss og har vore tolmodige når det butta i mot. Og takka vere våre dyktige tilsette i Høyanger er vi no komne så langt at vi kan begynne å få inntekter.

Treng fleire tilsette

Per i dag har Saint Jean Wheels 12 tilsette, men Thorbjørnsen fortel at dei no er i ferd med å tilsetje tre operatørar pluss ein mekanikar, og i løpet av sommaren sju operatørar til, slik at dei frå hausten kan produsere på to skift sidan produksjonen vert utvida med to nye felgtypar til Audi. I tillegg skal det tilsetjast ein person med erfaring frå våtlakkering. Felgfrontane blir støypte i Frankrike og dei ekstruderte baneemna kjem frå Italia. I Høyanger blir bana «flowforma» før den og fronten vert friksjonssveisa saman, før felgane vert maskinerte og sendt til Tyskland for lakkering.

– No vert det avgjerande at vi får tilgang til meir pengar for å flytte meir produksjon til Høyanger, og frå i haust er planen å starte med lakkering her i Høyanger. Det er no jobben startar, og vi må vise at vi klarer å levere felgar med rett kvalitet til avtalt tid.

Unikt og eksklusivt

Sidan Audi ønskjer å vere åleine om det dei ser på som eit unikt og eksklusivt produkt, har høyangerverksemda forplikta seg til at dei berre skal ha Audi som kunde i eitt år framover.

– Det blir sjølvsagt spennande å sjå om kundane vil velje hjulet vårt. Audi meiner at både designen og konseptet vårt er veldig bra, og har sterk trur at felgane våre vil bli populære, seier Thorbjørnsen, og legg til at også at andre tyske bilprodusentar, pluss franske, engelske og italienske bilprodusentar no har meldt si interesse for nyskapinga frå Høyanger.

Artikkeltags