Trøkk n' Truck fyller Førde med folk og bilar

BILENTUSIAST: Jan Egil Kristiansen er sjølv ein bil entusiast, men han meiner ein ikkje treng å vere det for å komme på festivalen Trøkkn`truck.

BILENTUSIAST: Jan Egil Kristiansen er sjølv ein bil entusiast, men han meiner ein ikkje treng å vere det for å komme på festivalen Trøkkn`truck. Foto:

FØRDE: Festivalen Trøkk n' Truck er i gong i Førde. Både bilentusiastar og barnefamiliar er samla på Øyrane denne helga.

DEL

Jan Egil Kristiansen er ein av arrangørane til festivalen Trøkk n' Truck som starta fredag. Laurdag var det fullt program for både barn og vaksne. Kristiansen er nøgd med oppmøte, og har fått mykje god respons.

– Det ser ut til at alle kosar seg, både dei som er interesserte i bil og dei som ikkje er det.

Veldig godt oppmøte

Tidlegare denne veka var det meldt dårleg vêr, og arrangørane var førebudde på høljande regn. Mesteparten av det som stod programmet blei dermed flytta inn under tak, der Hellenes AS stilte opp med lokale.

– Med tanke på at det skulle vere dårleg vêr så er det eit fantastisk oppmøte i dag. Vi veit endå ikkje kor mange som er her, men som ein ser mykje folk her.

– Heile festivalen hadde ikkje blitt noko utan Hellenes. Vi har jo tatt over heile området hans med bilar.

BILINTERESSERT: Kristiansen har bilen sin på utstilling på festivalen.

BILINTERESSERT: Kristiansen har bilen sin på utstilling på festivalen. Foto:

Høg lyd og bråk

Arrangørane bak festivalen har vore lure og sagt ifrå tidleg med hjelp av annonsar at det vil bli mykje bråk på Øyrane denne helga.

– Vi har jo sagt ifrå så ingen kan vel klage på det då, seier Kristiansen.

Med bilar som spinn, lastebilar som tutar og høg musikk har arrangørane ikkje overdrive i annonsane sine.

– Det er jo det som er meininga med heile programmet. Vi er glad i bilar, støy og motor.

Noko av det mest spektakulært på programmet laurdag var bilar og bussar som blei sleppe ned frå heisekran. Då den eine bussen landa kunne ein kjenne at det rista i bakken. Responsen var ei blanding mellom fascinasjon og redsel.

Fleire kvinner

Kristiansen har sjølv vore interessert i bil og motor sidan han var liten. Bilinteressa har lenge vore knytt til menn, men dette ser ut til å endre seg meiner Kristiansen.

– Det er fleire og fleire kvinner som byrja å interessere seg for bilar. Ein av dei som er med i spinneshowet er ei jente.

Sjølv jobbar han som motorsykkelmekanikar, og meiner at på sykkelfronten der er det mangel på kvinner.

– Eg ser ei auke i interessa til bilar og lastebilar, men ikkje motorsyklar, seier Kristiansen, og legg til at han sjølvsagt har sett nokre jenter på motorsykkel.

Artikkeltags