– Auka dieselavgift vil råke distrikta

URETTFERDIG: NAF har lite sans for at regjeringa varslar ein auke i dieselavgifta.  - Urettfedig for folk i distrikta, meiner Inger Elisabeth Sagedal, kommunikasjonssjef i NAF

URETTFERDIG: NAF har lite sans for at regjeringa varslar ein auke i dieselavgifta. - Urettfedig for folk i distrikta, meiner Inger Elisabeth Sagedal, kommunikasjonssjef i NAF Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFERDSEL: Regjeringa vil auke dieselavgifta. Urettferdig, meiner NAF.

DEL

For å få fortgang i elbil-salet, varslar den blågrøne regjeringa at dei vil auke dieselavgifta. Det likar NAF dårleg:

– Det vil vere urettferdig for folk i distrikta der langt færre har skaffa seg elbil enn i byene, seier Inger Elisabeth Sagedal, kommunikasjonssjef i NAF i ei pressemelding. 

Frå 2025 er det eit politisk mål at det berre skal seljast nullutslepp-bilar. Dersom det ikkje er innan rekkevidde om nokre år, opnar den nye Høgre, Venstre og Frp-regjeringa for å skru opp vegavgifta på diesel. 

– Svært mange nordmenn har dieselbil. Spesielt i distrikta er det færre som har bytta til elbil, fordi utvalet av store, familievennlege elbilar framleis er for lite. Skal dei bli straffa fordi dei ikkje har bytta ut bilen før? spør Sagedal. 

Ho legg til at dersom målet er at alle skal kjøpe elbil frå 2025, må utbygginga av ladestasjonar skje i eit langt raskare tempo enn i dag. 

Regjeringa fredar elbilfordelane på eingongsavgifta og momsfritaket i heile 4-årsperioden. Dei skal også starte arbeidet med eit nytt system for kjøpsavgiftene.  

– Det er veldig bra at regjeringa fredar elbilfordelane. Det er enormt viktig med positive verkemiddel for å folk til å kjøpe elbil, seier Sagedal i pressemelding. 

Artikkeltags