Gå til sidens hovedinnhold

- Dette vegstykket må utbetrast snarast

Artikkelen er over 10 år gammel

NAF meiner dette er verste flaskehalsen på E39, og fryktar fleire alvorlege ulykker.

NAF avdeling Fjordane og Ytre Sogn reagerer på at planlegging av strekninga Bogstunnelen - Vadheim ikkje er ferdig før 2014, og at det ikkje er avsett midlar til bygging før etter 2020.

- Denne strekninga er verste flaskehalsen på E39 gjennom fylket. For oss som er opptekne av trafikktryggleik på vegane våre, er det vanskeleg å godta at det etter planen ikkje skal gjerast noko med denne strekninga før etter 2020, skriv NAF i eit brev til Statens vegvesen.

NAF meiner dette vegstykket må utbetrast snarast, og viser til fleire ulykker og daglege passeringsvanskar når store bilar møtest.

Oppmodinga til Statens vegvesen er å finne midlar til å forsere planlegging og byggestart.

- Vi meiner dette er eit vegstykke som må utbetrast snarast, for vegstandard og erfaring hittil gjer det svært sannsynleg at det vil skje alvorlege ulukker igjen her, skriv NAF.

Forslaget som vert lansert er å delfinansiere prosjektet med vidareføring av bompengeordninga for Bogstunellen, med målsetjing om byggjestart så snart Torvund - Teigen er ferdig.