Bilistar innestengt mellom fleire ras

Vegen i Jølster er no på veg til å bli opna att, opplyser ein firda.no- tipsar.

Vegen i Jølster er no på veg til å bli opna att, opplyser ein firda.no- tipsar.

Artikkelen er over 8 år gammel

Måtte snu for eit fleire hundre meter breitt ras på E39, men møtte på to nye på veg til jobb. Sjå kva vegar i fylket som er stengde.

DEL

Eit snøras som er fleire hundre meter breitt stengjer E39 mellom Skei og Førde i morgontimane måndag.

To nye ras i Jølster

Like etter halv ni kom meldinga om to nye ras i Jølster, men denne gongen på sørsida av Jølstravatnet. Ifølgje ein firda.no- tipsar gar det gått to ras ved Myklebust. Bilistar som måtte snu på grunn av raset mellom Skei og Førde, fekk trøbbel når dei skulle køyre rundt. Her møtte dei nemleg nye ras på sørsida.

Stort sørperas

Raset mellom Skei og Førde gjekk ca ein kilometer vest for Skei ved Haugen Camping.

Meldinga om raset kom 07.05 og ifølgje Ketil Molvær hos vegtrafikksentralen blir vegen stengt i alle fall fram til 09. 30

Men først klokka 10.00 fekk dei første bilane passere på staden.

– Det er ei elv som har gått tett som har drege med seg masse snø og is. Det er vel meir eit sørperas enn snøras, seier Molvær.

22 stengde vegar i morgontimane

Men det er ikkje berre i Jølster at det er trøbbel ute på vegane.

– Vi hadde 23 stengde vegar i går kveld, og det er framleis mange stengde vegar i fylket i dag, seier Molvær.

Ei førebels oversikt viser at det er 22 stengde vegar i Sogn og Fjordane. I tillegg er det mykje overflatevatn ute på vegane som er opne. Ein bilist melder om svært mykje vatn på vegane i Våtedalen, noko som fører til at vedkommande må køyre i 40 km/t.

Molvær i vegtrafikksentralen har ei klar oppmoding til bilistane:

– Ta det roleg ute på vegane og ver obs på føret, seier han.

Stengde vegar

  • Riksveg 13 Vikafjellet
  • Fylkesveg 1 Instefjord - Brekke
  • Fylksveg 8 Oppedal - Hest, ved Åkre
  • Fylkesveg 13 Dragsvik - Moskog, ved Feten
  • Fylkesveg 13 Dragsvik - Moskog, ved Renndalen
  • Fylksveg 53 Tyin- Årdal - stengt mellom Tyin og Holsbru
  • Fylkesveg 55 Vadheim - Dragsvik
  • Fylkesveg 92 Vik - Arnafjord
  • Fylkesveg 152 Balestrand - Menes (Ulvastad - Menes)
  • Fylkesveg 241 Gudvangen - Bakka
  • Fylkesveg 242 Aurlandsvangen - Skjerdal, ved Skjerdal
  • Fylkesveg 331 Urnes - Skjolden, ved Skjolden
  • Fylkesveg 337 Hafslo - Veitastrand
  • Fylkesveg 601 Langhuso - Undredal
  • Fylkesveg 615 Hyen - Sandane
  • Fylkesveg 664 Heggjabygda - Navelsaker
  • Fylkesveg 664 Grodås - Otterdal
  • Fylkesveg 720 Hjelle i Stryn kommune
  • Fylkesveg 722 Sunde - Flo
  • Fylkesveg 723 Bødal - Hogrenning
  • Fylkesveg 724 Briksdal - Olden, ved Oldedalen
  • Fylkesveg 726 Hornindal - Haugen (Tomasgard - Haugen)

Artikkeltags