Motbakkeløpet der ungane er sjef

– Vi blir litt slitne, men vi møter mange folk, seier  Viktoria Zablotna (9) (t.v.) på veg opp Hafstadkleiva med Inga Schanke Rievdal (9) og Hanne Bell (9).

– Vi blir litt slitne, men vi møter mange folk, seier Viktoria Zablotna (9) (t.v.) på veg opp Hafstadkleiva med Inga Schanke Rievdal (9) og Hanne Bell (9). Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

626 elevar pusha seg opp dei knallharde motbakkane i Førde opp. Det er rekord.

DEL

– Vi er her fordi vi hadde så lyst til å gå. Det er litt bratt! Men det blir fint når vi kjem på toppen!

Viktoria Zablotna (9), Inga Schanke Rivedal (9) Hanne Bell (9), Fride Lundekvam Hinsverk (snart 9) og David Zablotni (7) er på veg opp den brattaste bakken i Hafstadkleiva under Førde Opp.

– Vi blir litt slitne, men så møte vi mange folk, seier Viktoria.

Dessutan er det gøy å få medalje på toppen. Viktoria og Hanne har gått i lag kvart år fortel dei, medan Hanne har gått med familien før. No er det vennegjengen som er på tur.

– Eg likar å gå på fjellet og så seier foreldra mine at eg må vere med, seier Fride med eit smil.

– Det er jo også for å kose oss, men no må vi gå, seier Inga før dei går på vidare.

Kjappare enn lynet

Laurdag gjekk Førde Opp av stabelen for fjerde året. Alle barn i 1.-10.klasse på skulane i Førde, Jølster, Gaular og Naustdal deltar gratis. I år vart det ny rekord: 626 elevar peisa på opp Hafstadkleiva, mot 580 i 2013 som var førre rekord.

– Eg blir så hoppande glad! Det er så kjekt at folk er med, seier koordinator Tom Farsund.

Totalt deltok 1697 i motbakkeløpet.

Totalt deltok 1697 i motbakkeløpet. Foto:

I den omtrent eviglange bratte bakken i Hafstadkleiva strøymer elevane forbi. Nokre med foreldre i handa, mange utan. Tolv grader, grått skydekke og regn skremmer ikkje motbakkeløparane. Lette på foten, sprett dei oppover.

Dei er kjappare enn lynet!

Leon Ottensen Espenes (6) om ungane framfor han i Hafstadkleiva.
Leon Ottesen Espenes  (6) med pappa Espen Espenes og Ella Sofie Nyhammer (6) med mamma Tina Nyhammer.

Leon Ottesen Espenes (6) med pappa Espen Espenes og Ella Sofie Nyhammer (6) med mamma Tina Nyhammer. Foto:

Ella Sofie Nyhammer (6) og Leon Ottesen Espenes (6) har nettopp begynt på Flatene skule. Som så mange andre Flatene-elevar er dei på veg opp kleiva.

– Det kjekkaste er trappene. Der er det lettare å gå, synest Leon.

Begge gler seg til sjokolade og medalje på toppen. Skulen med prosentvis flest deltakarar blir premiert.

– Det er kjekt å vere med på det sosiale. Og så motiverer det ungane, seier mamma Tina Nyhammer (27).

Ella Sofie og Leon har gått her før, så dei veit kor bratte bakkar som ligg framfor dei.

– Men det er nokon framfor oss, seier Ella Sofie.

Etter ein liten pause er gjengen klare for å gå vidare. Kanskje klarer dei å ta igjen resten av turfølget.

– Dei er kjappare enn lynet, slår Leon fast.

Brattast ned att

Totalt deltok 1697 i Førde Opp laurdag. Det er sju færre enn rekordåret 2012.

Lene Nordbotten og Torunn Ytreland er på veg mot toppen.

Lene Nordbotten og Torunn Ytreland er på veg mot toppen. Foto:

Torunn Ytreland har gått på Hafstadfjellet mange gonger, men aldri før gått opp Hafstadkleiva.

– Eg er blitt varm og god. Det er veldig fin utsikt og kjekt å sjå at så mange er med, seier ho på vegen.

– Vi må jo vere med på det som skjer i Førde, seier dotter Lene Nordbotten.

– Og så er det gøy! Det er bratt, men det går fint opp, så får vi sjå når vi skal ned att. Kanskje vi berre blir der oppe, seier Torunn med eit smil.

Sjå våre bildeglimt frå dei bratte bakkane.

Les også: Han knuste løyperekorden