Storhesten Opp med forbetra løype

Arild Viken sving med hammaran for å gjere løypa til Storehesten opp betre enn nokon gong.

Arild Viken sving med hammaran for å gjere løypa til Storehesten opp betre enn nokon gong. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ny og forbetra sti i inngangspartiet på fjellet og tørr mark skal sørge for personlege rekordar.

DEL

Storehesten Opp er rett rundt hjørnet og arrangementssjef Helge Kårstad er optimistisk med tanke på usikkert vêr.

– Dei skiftar vêret heile tida. Men sånn som det ser ut no kjem det ikkje til å regne ein drope før motbakkeløpet startar laurdag, fortel Kårstad.

– Vi har jobba mykje med det første partiet og Stølskårene på veg opp mot Storehesten. Vi har fått opp rekkverk og skikkeleg underlag med grus og steinar, så det er lagt meir til rette for sikkerheit og gode forhold, seier Helge Kårstad til Firda.

Forbetra sti og opphaldsvêr fram mot løpet har gjeve arrangementssjefen trua på at fleire kan slå si personlege bestetid.

Kjente fjes

Det er totalt påmeldt 163 deltakarar til Storehesten Opp og talet aukar i skrivande stund. Fleire kjente frå lokalmiljøet stiller i motbakkeløpet, blant anna Norgesmeister i motbakkeløp Eli Anne Dvergsdal.

– I tillegg kjem Marius Vedvik og Sindre Hoff som skal kjempe i toppen i motbakkeløpet, fortel Kårstad.

Nølar med å delta

Mosjonistane lar heller vente på seg der Kårstad reknar med at det blir mellom 100–200 påmelde før start.

– Dei ser meir på vêret og ventar heller til dagen med å melde seg på. Men sånn som det ser ut fram mot løpet så kan vi få dei beste løypeforholda nokon gong, seier Helge Kårstad.

Artikkeltags