Slo rekorden til Heidi Weng med to minutt

REKORD: Karoline Holsen Kyte slo rekorden til Heidi Weng på Hovlandsnuten Opp med to minutt.

REKORD: Karoline Holsen Kyte slo rekorden til Heidi Weng på Hovlandsnuten Opp med to minutt. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

MOTBAKKELØP: Karoline Holsen Kyte imponerte igjen og knuste bakkerekorden i Hovlandsnuten Opp laurdag.

DEL

51 minutt og 17 sekund var rekorden til skistjerna Heidi Weng. Karoline Holsen Kyte frå Førde sprang same løypa på 49 minutt og 21 sekund under laurdagens Hovlandsnuten Opp.

– Eg har trena ein del i motbakkar og fjellterreng i det siste for å spisse forma mot slike løp, men eg hadde aldri trudd at eg skulle slå rekorden. Det var sjølvsagt kjempemoro, seier Karoline Holsen Kyte til Firda.

I det førdianaren starta løpet merka ho at forma var bra.

– Eg fekk ei luke på dei andre jentene i starten og beina kjendest veldig gode. Eg tenkte at eg berre skulle køyre eit hardt og jamt tempo slik at eg unngjekk ein mogleg spurtduell på toppen. Det var litt tyngre og sleipt på slutten, men eg prøvde å stenge det ute og tenke på at dei bak meg måtte gjennom det same, fortel Kyte om løpet.

LES OGSÅ: Slik har Karoline Holsen Kyte funne toppforma

– Trur litt meir på eit EM

Karoline Holsen Kyte har no vunne dei to første løpa i norgescupen i motbakkeløp; Grefsenkollen Opp 20. mai og no Hovlandsnuten Opp.

– Eg tar ingenting for gitt før uttaket er gjort, men eg torer nok å håpe litt meir på det no. Det er absolutt målet å komme med i troppen til EM, fortel ho.

EM i motbakkeløp vert arrangert i Slovenia 8. juli, der norgescupen er uttaket.

– Det er framleis fleire uttaksløp, så det står att å sjå kva dei bestemmer seg for. Men eg må ha trua i alle fall, seier Holsen Kyte.

Dei resterande norgescup-motbakkeløpa er Gullfjellet Opp (17. juni, Bergen), Svinestranda Opp (25. juni, Gloppen) og Kvasshovden Opp NM (15. juli, Ulvik).

Artikkeltags