Holsen Kyte og Dvergsdal klare for EM i Slovenia

SPENT: Karoline Holsen Kyte skal for første gong delta i eit europeisk meisterskap i motbakkeløp.

SPENT: Karoline Holsen Kyte skal for første gong delta i eit europeisk meisterskap i motbakkeløp. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

MOTBAKKELØP: Karoline Holsen Kyte og Eli Anne Dvergsdal er begge klare for EM i motbakkeløp i Slovenia 8. juli.

DEL

– Eg vart veldig glad då eg fekk beskjeden. Å bli tatt ut til EM har gjort all treninga eg har lagt ned verdt det, fortel Holsen Kyte til Firda.

Dette er første gong Karoline Holsen Kyte er teken ut til eit EM og eit løp i utlandet.

– Eg er skikkeleg spent og eg sjekka nettopp vêrmeldinga der nede. Då var det rundt 30 grader og sol, så varmen og eit nytt klima kan bli ei utfordring, seier Karoline Holsen Kyte.

Førde-løparen har hatt ein strålande sesong i år og har i det siste vunne alle fire motbakkeløpa i norgescupen (Grefsenkollen Opp, Hovlandsnuten Opp, Gullfjellet Opp og Svinestranda Opp).

– Eg har aldri vore med på eit meisterskap tidlegare og eg har ikkje så mykje erfaring med å toppe forma mot eit løp. Fram til EM kjem eg til å halde fram med det same opplegget eg har køyrt så langt. Eg torer ikkje å ha forventningar eller eit mål om eit resultat eg skal oppnå. Eg stiller til start, så ser vi korleis det går.

– Ubeskriveleg glad

Eli Anne Dvergsdal frå Jølster, som spring for Bergensklubben Gular IL, skal nok ein gong delta på EM i motbakkeløp. I fjor sommar skulle ho delta i VM, men eit brot i ankelen hindra ho. No er ho glad for at forma er tilbake og at ho får ein ny sjanse til å springe mot eliten i Europa.

– Eg er så glad, det er heilt ubeskriveleg. Det var ikkje noko sjølvsagt å bli tatt ut og eg er verkeleg glad for å få ein ny sjanse, det er dette eg har jobba for i heile år, seier Eli Anne Dvergsdal til Firda.

Dvergsdal har slite mykje med skadar det siste året og byrja å springe i motbakkar igjen i april.

EM-KLAR: Eli Anne Dvergsdal er ein av tre kvinner som er teken ut frå Norge som skal delteke under EM i motbakkeløp i Slovenia.

EM-KLAR: Eli Anne Dvergsdal er ein av tre kvinner som er teken ut frå Norge som skal delteke under EM i motbakkeløp i Slovenia. Foto:

– Det har vore fleire dagar i bassenget der ein spring fram og tilbake nesten utan å komme framover. Det har vore litt kjedeleg, men no er alle dei timane verdt det. Eg føler eg har hatt god framgang i det siste, og når eg står på startstreken, skal eg gjere mitt beste, fortel ho.

Står saman på startstreken

To av dei tre kvinnene som er tekne ut til EM i motbakkeløp, kjem frå Sunnfjord. No er det første gongen dei står saman på startstreken i eit løp i utlandet.

– Det er veldig kjekt at vi er to frå Sunnfjord, det er jo ikkje verdas største stad. Eg har ikkje prata så mykje med Eli Anne bortsett frå under løp vi har deltatt i. Ho har sikkert mykje gode råd og tips ho kan gje meg før avreise, seier Karoline Holsen Kyte.

Eli Anne Dvergsdal synest det var like kjekt at dei to skal konkurrere i lag under EM.

– Det er ekstra kjekt. Viss alle vi tre jentene gjer det bra også, så kan vi ta medalje i lagkonkurransen. Vi må berre prøve å få det beste ut av kvarandre og bygge kvarandre opp, meiner Eli Anne Dvergsdal.

EM i motbakkeløp går for seg i byen Kamnik i Slovenia neste laurdag 8. juli. Den siste kvinna frå Norge som reiser til Slovenia saman med Karoline Holsen Kyte og Eli Anne Dvergsdal er Anita Iversen Lilleskare, som spring for klubben BFG Bergen Løpeklubb.

Artikkeltags