Torsdag morgon blei Widerøe sin avgang frå Bringeland til Oslo kansellert grunna tekniske problem. Det stadfestar kommunikasjonssjef Catharina Solli, i Widerøe.

– Kveldsflyet som skulle komme til Bringeland onsdag kveld og stå over natta, fekk tekniske problem. Det blei difor bestemt å lande dette flyet i Florø, kor vi har teknisk base og personell som kan utføre naudsynt arbeid.

Flyet skulle eigentleg ha teke av frå Bringeland klokka 06:15 torsdag morgon. I staden går flyet tilbake til Oslo frå Florø, utan passasjerar. Ifølge ein Firda-tipsar fekk passasjerane sms-varsel om kanselleringa i 01-tida natt til torsdag.

– Passasjerane som skulle med morgonflyet, er booka om til anten 09:40 flyet eller flyet som går 13:20 torsdag. Og passasjerane som landa i Florø i går kveld, fekk bakketransport til Førde slik at dei kom seg heim.

– Kvifor blei det ikkje sett inn reservefly?

– Hadde dette skjedd på dagtid, så hadde vi hatt meir spelerom til å sjå på alternative løysingar. Men dette er eit fly som kjem inn veldig seint, og då har ein gjerne ikkje tilsette eller reservefly tilgjengeleg i Oslo eller Bergen som kan sendast ut. Så i dette tilfellet vart beste løysing å booke om passasjerane til neste avgang.

Sollid fortel at for dei som ikkje kan nytte seg av denne ordninga vil få refundert billetten frå selskapet.