Morgonflya til og frå Førde er forseinka

DEL

Widerøe sine morgonfly til Oslo er i dag noko forseinka.

Det første flyet letta klokka 07.30, vel ein time etter rutetid. Flyet som skal gå frå Førde til Oslo klokka 08.50 er også litt over ein time forseinka.

– Årsaka er at mannskapet på flya vart seine i går, og at dei skal ha ei viss kviletid, seier Frode Bareksten i Avinor på Førde lufthamn.

– Snøen då, skapar den problem?

– Nei. Det gjer den ikkje. Vi reknar med at det neste flyet, som går frå Førde til Oslo klokka 13.20 er i rute, seier Bareksten.

Artikkeltags