Mor og barn sendt til sjukehus i Førde etter trafikkulykke

DEL

Vest politidistrikt melde tysdag ettermiddag at ein bil har køyrt utfor ved Hafslo i Sogn. Alle naudetatar rykte ut til staden

Politiet fekk melding om ulykka klokka 14.48.

– Det var ein bil med to personar som køyrde av vegen. Det var ei mor og barnet hennar som var i bilen, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Han seier at dei to blir frakta med ambulanse til Førde sentralsjukehus for sjekk.

Førarkortet til kvinna er beslaglagt av politiet.

– Vi vil ikkje kommentere nærare årsaka til at vi beslagla førarkortet enno, seier Algrøy.

Artikkeltags