Moped velta i Bjordal

Transportert i ambulanse til sjukehus.

DEL

Politiet i Vest politidistrikt melder onsdag kveld om ein MC-velt på Fjordsvegen i Bjordal.

Politiet meldte først at naudetatane skulle vere på veg til staden, men då Firda snakkar med operasjonssentralen i Vest politidistrikt fortel operasjonsleiar Terje Magnussen at politiet valde å gjere det litt annleis.

– Dette er ein mann i slutten av 30-åra som har køyrt moped og velta. Han har truleg skada ein fot. Vi fann etterkvart ut at det ikkje var så mykje å gjere for politiet, seier Magnussen.

Mannen vart transportert i ambulanse til sjukehus. Der møtte politiet opp og tok avhøyr av han.

Det vil bli oppretta sak på forholdet.

Artikkeltags