Moped med to personar stoppa i Førde – hadde ikkje lappen, og politiet mistenker rus
Klokka 23 laurdag kveld stoppa politiet ein moped med to personar på i Førde sentrum.
– Føraren hadde ikkje førarkort, og politiet mistenker også at personen var påverka av narkotika. Det vart oppretta sak og føraren blir tatt ut til blodprøve, seier Stine Mjelde, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Politiet måtte rykke ut til fleire andre hendingar i Sogn og Fjordane natt til søndag, og det dreia seg for det meste om høg musikk og bråk.
Klokka 2 var politiet på Sande etter at dei fekk melding om høg musikk. Der møtte dei ei lita samling av personar, og bad dei om å dempe musikken sin.
Politiet fekk også melding om høg musikk, fyll og uskikkeleg åtferd i Stryn.
– Det var nokre samlingar av russ, men det var ikkje noko spesielt for politiet å ta tak i. Politiet opplevde ikkje det slik som den som meldte gjorde, seier Mjelde.