(FIRDAPOSTEN): Det ville seg ikkje for Florø Fotball borte mot Molde 2 i dag. Heimelaget la seg bakpå og Florø fekk trille ball. Lite skjedde i den første omgangen, men fem minutt før pausen fekk gjestane store sjansar til å komme i føreinga. Først ved Oskar Nordal som kom åleine med keeper. Deretter var det Nelsinho som trefte målvakta. Og like før pausen var det Even Vetaas som la ein lobb med ryggen mot mål som keeper Myklebust akkurat fekk fista i tverrliggaren og til corner.

Florø var kvasse og gjekk nok i garderoben med ei kjensle av at dei hadde nøkkelen til Molde-porten.

Men det skulle på mange måtar bli DaCapo frå sist dei to laga møttest i Florø 2. mai.

Den gangen hadde Florø kontroll på eige gras, men eit raudt kort på Nelson gjorde til at Molde kunne rane med seg alle tre poenga til slutt. Og det same skulle skje denne gongen.

Leander Høyvik som hadde gult kort ifrå første omgang, gjekk på nok ei takling midtvegs i omgangen. Dermed viste dommaren florøbacken det mørkaste kortet han hadde i bunken.

No var kampplanen endra og Florø måtte halde heimelaget unna for å få med seg eit resultat heim til palmekysten. Og det klarte dei i over 90 minutt. Men fire minutt på overtid stod Magnus Tomren Solheim på rett plass på eit innlegg frå venstre og kunne nikke ballen i det opne buret.

Dermed har Florø tapt seks poeng mot eit lag dei har dominert begge kampane mot i år. Det kan verke som at lufta har gått litt ut av florø-ballongen no på hausten. Etter ei lang sigersrekke gjennom sommaren har dei no berre eitt poeng på dei fire siste kampane.