Gå til sidens hovedinnhold

Mohn framleis på inntektstoppen, Witzøe-arving har størst formue

Skattelistene viser at Trond Mohn tente mest i 2019, med inntekt på 598 millionar kroner. På formuestoppen er Gustav Magnar Witzøe med 21 milliardar kroner.

Skattelistene vart gjorde offentleg tilgjengeleg tysdag klokka 7. Ei oversikt frå VG viser at desse fem er oppførte med dei høgaste formuane:

1. Gustav Magnar Witzøe: 20,9 milliardar kroner

2. Kjell Inge Røkke: 19,4 milliardar kroner

3. Ivar Erik Tollefsen: 9,2 milliardar kroner

4. Odd Reitan: 6,1 milliardar kroner

5. Katharina Gamlemshaug Andresen: 5,9 milliardar kroner

Sistnemnde ligg knapt sju millionar kroner føre den eitt år yngre søstera, Alexandra. For inntekt i 2019 ser topplista slik ut:

1. Trond Mohn: 598 millionar kroner

2. Christian Gruner Sundt: 405 millionar kroner

3. Ivar Erik Tollefsen: 238 millionar kroner

4. Gustav Magnar Witzøe: 183 millionar kroner

5. Bjørn Rune Gjelsten: 155 millionar kroner

Les også

Derfor publiserer Firda informasjon om skatten og inntekta di

Les også

Skatteoppgjer for 637 milliardar kroner i 2019

Kommentarer til denne saken