– Modellen er rett, men er tolka feil

Artikkelen er over 2 år gammel

Jan Helge Fosså i Havforskningsinstituttet påpeika fleire ting han meiner er manglar ved utgreiingane i deponisaka

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Det kan høyrest ut som om Nordic Mining meiner vi burde snu og meine noko anna, no som dei har fullført dei siste undersøkingane, men det kan vi ikkje, seier Jan Helge Fosså i Havforskingsinstituttet (HI).

Han var ein av innleiarane på Førde Ap sitt møte om gruvedrift i Førde i måndag kveld. Innlegget hans handla om dei manglane som HI framleis meiner finst i kunnskapsgrunnlaget. Fosså listar opp ei rekke punkt som han meiner er manglar ved dei siste utgreiingane og modellen som vart laga for å vise straum og spreiing av partiklar:

  • Modellen har ikkje tatt omsyn til vertikal straum. Det betyr at transport av partiklar oppover i vassøyla kan vere oversett
  • I modellen er utsleppspunktet sett til 20 meter over havbotnen, medan det i Nordic Mining si skisse ligg 50 meter over havbotnen. Sintef konkluderer med at plasseringa av utsleppspunktet er viktig, ein slik skilnad kan difor vere avgjerande
  • Finfraksjonen er fjerna frå datasettet før spreiinga av partiklar er modellert
  • Utsleppspunktet er også plassert midt i deponiet, der det er registrert rolegast straum, medan Fosså meiner det er sannsynleg at utsleppet vil ligge langs kanten av deponiet, der straumen er vesentleg høgare og også ifølge Fosså undervurdert av modellen

Sirkel rundt deponiet

På bildet (under og på toppen av sida) viser Fosså forskjellen på målte verdiar og modellerte verdiar. Alle verdiane som går inn i modellen som viser korleis partiklane oppfører seg, er nemleg ikkje målte, men laga av eit dataprogram. Den raude linja er den som dataprogrammet har laga, den grå er laga ut frå målingar i fjorden. Langs kantane viser den raude linja konsekvent svakare straum enn den målte, medan dette ikkje er tilfelle i midten.

Fosså meiner dette kan tyde på at det går kraftigare straum i ein sirkel rundt midten av deponiet. Alt etter kva veg han går, kan sirkelstraumen trekke vatn oppover frå botnen av deponiet eller frå overflata og ned mot botnen. Som ein konsekvens meiner Fosså og HI at utgreiiarane i DNV-GL og Sintef ikkje har lest informasjonen dei har samla inn riktig.

– Vi meiner, som vi har sagt, at modellen er korrekt, men at informasjonen har blitt tolka feil.

Godt oppmøte

Sjølv om ja-sida ikkje ville stille, trakk møtet i Førde om lag hundre personar. Innleiarane talte i stor grad til ei forsamling som i stor grad deler same synspunkt som dei sjølve. Av dei som tok ordet frå salen, var berre ein kritisk til innleiarane.

Øystein Helle, som er Ap-mann i Aksvoll og har handsama gruvesaka i kommunestyret, meinte at innleiarane også burde snakke om alternativ til deponi. Han er for gruvedrift, men usikker på om deponi er den beste løysinga. Panelet hadde diverre stort sett berre kompetanse på fjord, hav og fiske.