– Då skulen begynte fekk eg masse snaps frå elevar som har sete i to timar og lært om kva mobbing er. Eg veit ikkje kor stort utbytte dei har av det. Eg fokuserer heller på det eg vil ha meir av.
Tale Maria Krohn «Helsesista» Engvik er heile Norges helsesøster på sosiale medium. Med 40.000 daglege sjåarar på Snapchat, finst det nok knapt ei helsesøster som har like mykje erfaring med å kommunisere med ungdom på deira eiga plattform.
– Mobbinga på sosiale medium er omfattande. Det skjer ikkje berre gjennom stygge kommentarar, men også ved at ein bevisst eller ubevisst ekskluderer andre, seier Engvik.
– Mange sit og ser «snap-storyen» til andre som er ute og gjer kjekke ting, og tenker: «Oi, det der er ikkje eg med på.» Ein blir ofte utelaten frå chat-grupper og liknande. Spesielle dagar, som kvelden 16. mai og halloween, er tunge for mange ungdommar, seier Engvik.
Også det å bevisst unngå å like bilda til personar er ei form for mobbing, meiner «Helsesista».
– Om ingen likar bildet ditt, og ein samtidig ser at andre får masse «likes» på bilda sine, kan det vere ei sterk negativ melding å få. Når ein opplever at ein blir utestengt på sosiale medium isolerer ein seg ofte endå meir når ein først kjem på skulen. Ein unngår å seie «hei» og sette ved seg sidan av andre. Det er ein vond sirkel der ein blir meir og meir isolert, seier ho.
«Korleis vil du at andre skal hugse deg?»
Ho oppfordrar vaksne til å snakke med barn og ungdom, både heime og på skulen, om korleis ein oppfører seg mot andre på nettet. Men ikkje ved å bruke «peikefinger, fy og skam»:
Det viktigaste er å få ungdommen til å reflektere rundt korleis ein oppfører seg mot andre på nett. Sjølv stiller ho spørsmål som får dei til å tenke: «Korleis vil du at andre skal hugse deg?»
– I puberteten svingar ofte kjenslene. Ein dag kan ei melding gå bra, den andre kan ein begynne å gråte av den same meldinga, seier ho og oppfordrar til å be om orsaking om ein har sendt ei melding andre har blitt såra av.
– Dei er i ein alder der ein ofte ikkje er moden eller skjønar at ei melding kan verke så sterkt.
Les også:Før mobba eg andre. No blir eg mobba sjølv. Det har fått meg til å tenke
– Fokusere på det motsette av mobbing
Engvik vil heller at ein skal fokusere på det motsette av mobbing. Ho oppfordrar til å spørje «Kva er å glede? Korleis kjenner ein seg når ein er glad? Korleis får ein til å glede andre?».
– Ein følgar fortalde meg på snap at han kjende seg mykje betre når han mobba andre. Då må vi anerkjenne at den personen får ei god kjensle inne i seg når han mobbar. Eg spurte om han ville ta ei utfordring: «I morgon kan du prøve å hjelpe nokon og kjenne korleis det kjennest.» Seinare fekk eg tilbakemelding om at det gav ei endå betre kjensle. Han fekk ei aha-oppleving, fortel ho.
I tillegg finst det dei som mobbar fordi dei har det vondt og prøver å kommunisere at dei har problem.
– Om ein strevar sosialt og kjem i stadige konfliktar der ein trykker andre ned, har ein det ofte ikkje bra. Alle barn ønsker i utgangspunktet å bli likt. Når dei ikkje gjer det, er det ofte ein grunn som ein må ta på alvor. Då er det viktig at den vaksne ikkje mobbar mobbaren.
Oppfordringa hennar er å gi elevane utfordringar, der ein gler, inkluderer og hjelper medelevar.
– Burde vore eige fag på skulen
– Sosiale medium og internett burde kanskje vore eit eige fag i skulen frå barneskulen av. Dei er ganske unge når dei får ein smarttelefon. Ein må lære seg å velje korleis ein skal oppføre seg mot andre.
Og sjølv om dette ikkje skjer på skulen, er det skulens ansvar å følge opp, om det er elevar på skulen som er involvert. Elevane kan snakke med foreldre, lærar eller helsesøster.
– Det er litt tilfeldig om mobbing blir fanga opp – det er avhengig av at nokon seier frå. Spesielt gutar trur eg ikkje seier ifrå, fordi ein er redd for å vere sladrehankar eller redd for at mobbinga blir verre. Om ein opplever noko ein kjenner ikkje er greitt, må ein seie ifrå. Vi vaksne har eit ansvar til å hjelpe. Om du seier ifrå, kan vi også få sjansen til å hjelpe mobbaren.