Mjuknar opp smittevernreglane: Om ei veke er arrangement med inntil 50 personar lov

SAMFUNNET OPNAR SAKTE OPP ATT: Frå og med torsdag kan ein ha arrangement på inntil 50 personar.

SAMFUNNET OPNAR SAKTE OPP ATT: Frå og med torsdag kan ein ha arrangement på inntil 50 personar. Foto:

Av

Dei nye endringane trer i kraft frå i dag, torsdag.

DEL

NETTAVISEN: Rådet om avstand frå 2 meter, vert endra til minst éin meter (Når det gjeld smittesporing blir nærkontakt framleis definert under to meter i meir enn 15 minutt), det opplyste helse- omsorgsminister Bent Høie (H) under dagens pressekonferanse.

– No opnar vi litt opp for arrangement, men stiller klare vilkår. Frå 7. mai blir det mogleg med arrangement på offentleg stad for inntil 50 personar. Framleis forbod mot alle arrangement med fleire enn 50 personar på offentleg stad, seier Høie.

Han understrekar at råda om avstand og smittevern framleis må bli følgde, og at arrangement utan ein ansvarleg arrangør ikkje er tillate. Arrangøren skal må ha oversikt over kven som skal vere til stades.

Det betyr at konsertar, teater og andre arrangement vil vere mogleg å gjennomføre, så lenge kriteria blir overhaldne.

– Viss vi held fram å ha kontroll på smittespreiinga framover, vil vi vurdere å tillate arrangement for inntil 200 personar frå 15. juni, seier Høie.

Barn og unge er førsteprioritet

Verdsorganisasjonen for helse råder land til å opne opp gradvis i intervall på 14 dagar. Høie opplyser at regjeringa følger dette rådet.

– Norge skal opnast opp litt og litt kvar 14-dag mens vi følger nøye med på smittespreiinga. Går det bra å opne opp eitt område, blir det mogleg å opne det neste. Spreier smitten seg, må vi bremse ned eller stoppe opp, seier han.

Statsråden seier dei neste veke vil legge fram ein plan om korleis dei skal opne opp det som blei stengt for å stoppe smittespreiinga, og at dette vil gjere det enklare å planlegge våren og sommaren.

Ifølge Høie er det mange som tek kontakt og seier dei må prioritere akkurat dei når samfunnet skal opne igjen.

– Dei aller fleste har gode argument. Men viss alle med gode argument skal stå først i køen blir det heller ingen kø, og då mister vi ikkje berre oversikta, men også sannsynlegvis kontrollen over smittespreiinga også. Det betyr at når vi opnar opp så prioriterer vi det viktigaste først. Barn og unge skal stå heilt fremst i køen, og deretter vil vi prioritere å få hjula i gang i næringslivet, seier han.

Det vil også komme ei avklaring om treningssenteret neste veke.

- Treningssentera er stengde i ei forskrift. Det er ganske mange enkeltverksemder som er det. Dei vil få avklaringar om kva som er regjeringa sin plan neste veke, seier Høie.

Flyttar pressekonferanse om 17. mai

Kulturminister Abid Raja (V) opplyser at det førebels ikkje er nokre endringar når det gjeld idrettskonkurransar der fysisk konkurranse er nødvendig. Kan ein derimot halde ein meters avstand, kan det blir opna opp.

Pressekonferansen om 17. mai vil også blir flytta til 7. mai.

Avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet, Line Vold opplyser at det framleis er låg smittespreiing i Norge.

– Det er framleis lav smittespreiing i Norge, ei auke på 43 tilfelle sidan i går. Oslo har flest rapporterte tilfelle, mens Nordland har færrast rapporterte. 264 av landets 365 kommunar har rapport om smitta. 988 personar har vore innlagt på sjukehus. Totalt har 214 vore innlagt på intensiveining. Smittetalet er 0,68. Smittestoppappen blir testa no i Drammen, Oslo og Tromsø, seier ho.

Eliteserien må vente

– Vi kan komme med nødvendige avklaringar for idrettar med fysisk kontakt 7. mai utan at det ligg nokre føringar i det, seier Raja.

Den planlagde fotballoppstarten har skapt stor debatt. Toppane i Norges Fotballforbund kalla førre veke inn til pressekonferanse for å fortelje om svært dramatiske utsikter for økonomien både i topp- og breiddefotballen.

Fotballforbundet og Norsk Toppfotball er blant fleire idrettsaktørar som har uttalt at den statlege støtteordninga til idretts- og frivillig innsats ikkje trefte godt nok. Det vart berre søkte for 371 millionar kroner frå støtteordninga der det var sett av 700 millionar.

Toppfotballen taper mykje pengar på at det ikkje blir spelt kampar og kan få inn betydelege inntekter sjølv om ligaen blir i gang sparka utan publikum.

Også politisk har det vore lagt eit sterkt press på Raja når det gjeld å få toppfotballen i gang igjen. Arbeidarpartiets kultur- og idrettspolitiske talsperson, Trond Giske, er blant kritikarane.

– Vi treng mykje pengar for å hjelpe breiddeidretten. Då må den delen av idretten som kan stå på eigne bein, bli gitt moglegheita gitt til å gjere det, sa Giske til NTB onsdag.

Saka blir oppdatert.

Artikkeltags