Ein mjølkebil har måndag køyrt av vegen på Fylkesveg 5641 ved Sogavollen mellom Hafslo og Veitastrond i Luster. Det melder Vegtrafikksentralen Vest klokka 16.26 måndag.

Det vert meldt at vegen vil bli stengt litt seinare på ettermiddagen eller kvelden når berginga av mjølkebilen skal skje. Før dette skal mjølkebilen tømmast, før den skal bergast opp frå vegen.

– Truleg handlar det om vekt, å gjere bilen lettare for berginga, seier Remi Lian, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen.

Han seier at selskapet sjølv tek seg av tømminga, og at det skjer ved at mjølka blir fylt over på ein annan bil. Lian seier at bilen er køyrt i grøfta, og at den ikkje er til hinder for trafikken.

Først når dei går i gang med bergingsprosessen vil det bli behov for kortvarig stenging. Når dette skjer, har trafikkoperatøren førebels ikkje svar på.

– Vi vil få beskjed om tidspunkt når tømminga er ferdig, seier han.