Politiet melder på Twitter ein 40-åring blei stogga av politiet klokka 16.02 på Eikås. Politiet fekk tak i mannen etter tips frå andre bilistar om at 40-åringen køyrde vinglete.

Han er no teken med til legevakt for blodprøve etter mistanke om å køyre i ruspåverka tilstand.