Mistenkjer at 17-åring køyrde i fylla på E39

DEL

Natt til fredag fekk politiet melding om ein bil som køyrde vinglete på E39.

Ein politipatrulje la seg på hjul og stoppa etterkvart eit køyretøy ved E39 på Vassenden.

Sjåføren synte seg å vere ein tenåringsgut på 17 år.

I tillegg til å ikkje ha førarkort, mistenkte politiet at tenåringen var påverka av alkohol.

Han blei teken med til legevakt for blodprøve, melder politiet på Twitter like før klokka 02.30 natt til 1. mai.


Artikkeltags