Vest politidistrikt melde torsdag kveld om ei trafikkulykke ved Sundafjelltunnelen på rv. 5 mellom Førde og Florø. Ulykka vart meldt klokka 20.16 og vegen vart stengd på staden etter ulykka.
Alle naudetatane vart sendt til ulykkesstaden.
Operasjonsleiar Eivind Hellesund fortel til Firda klokka 21. 37 at vegen nyleg er opna. Det er gjort etter at bilbergar nettopp har taua vekk bilen på staden.
Utan at han skal vektlegge det som medverkande årsak, fortel han at politipatruljen har påpeika at det var sleipt og glatt på staden.
– Etterforskinga vil nok seie meir om kva som har skjedd, men til no er det meldt at førar har mista kontroll over bilen og køyrt i fjellveggen, seier Hellesund.
Operasjonsleiaren fortel at føraren var ein mann i byrjinga av 20-åra.
– Politiet på staden har teke beslag i førarkortet til mannen, men det er ikkje mistanke om rus.
Han skal ha blitt sett til av ambulansepersonell på staden og er ifølgje Hellesund dimittert frå staden etter ulykka.