Gå til sidens hovedinnhold

Mindre smittesporing frå neste veke

Koronahandteringa går over i eit nytt spor måndag. Hetter skal folk sjølv ta meir ansvar for både testing og smittesporing.

I takt med at stadig fleire vaksne nordmenn no er fullvaksinerte, minskar òg risikoen for at mange blir alvorleg sjuke med covid-19. Kommunane har fått beskjed om å vere førebudde på at det snart kan bli overgang til ein normal kvardag med auka beredskap.

Regjeringa har derfor bestemt at ein nedjustert koronastrategi skal ta til å gjelde frå måndag. Det betyr at krava til kommunane blir endra i den såkalla tisk-strategien (testing, isolasjon, smittesporing og karantene).

Sjølvtesting

Det skal framleis vere låg terskel for test ved symptom, og det blir lagt opp til auka bruk av sjølvtesting mellom anna i skulane. I osloskolen får til dømes elevane med seg test-kit heim slik at foreldra kan hjelpe dei yngste barna med testing to gonger i veka.

– Skulane vil framleis kunne bruke ein kort periode av målretta, mellombels jamleg testing ved store utbrot, men slik testing vil vere frivillig, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Regimet for smittesporing blir òg endra. Kommunane skal konsentrere smittesporing til husstandsmedlemmer og andre personar som er tilsvarande nære kontaktar. Formålet er å gjere smittesporing meir målretta til å gjelde berre dei mest smitteutsette, uvaksinerte husstandsmedlemmer og andre nære personar.

Plikta til å halde seg i isolasjon blir ståande uendra. Det betyr at alle som får påvist koronasmitte, må halde seg isolert.

Slutt på ventekarantene

Karanteneplikta blir derimot endra. Frå no av vil det berre omfatte uvaksinerte i same husstand eller tilsvarande nære – som kjærastar. I dei fleste tilfelle kan testing erstatte karantene, anten dagleg sjølvtesting eller annankvar dag med PCR-test.

Folkehelseinstituttet listar opp desse punkta som må innfriast dersom ein skal kunne erstatte karantene med test:

* Ein må teste seg så snart ein er informert om at ein har vore i nærkontakt med ein person som er smitta.

* Avgrense sosial omgang til testsvar finst.

* Eigenobservasjon av symptom i ti døgn etter eksponering.

* Låg terskel for ny testing ved symptom.

Det blir slutt på såkalla ventekarantene, som gjeld andre nærkontaktar – til dømes når det oppstår smitte på skular.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken