Gå til sidens hovedinnhold

Mindre pengar til breiband i grisgrendte strøk

Artikkelen er over 1 år gammel

Tilskotet til breibandutbygging i utkantstrøk blir 264 millionar kroner neste år, ifølgje budsjettforslaget frå regjeringa.

Pengane skal gå til å sikre breiband i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for utbygginga.

Beløpet regjeringa foreslår, er 140 millionar kroner lågare neste år enn i år, gjer Nationen merksam på.

Men Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier at det framleis er eitt av dei høgaste tilskota som er gitt til formålet.

– Basert på tal frå tidlegare år vil tilskotsmidlane truleg kunne gi over 15.000 husstandar nytt breiband, seier Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H).

(©NPK)

Kommentarer til denne saken