Vegtrafikksentralen Vest melder fredag at det har gått eit mindre ras på fv. 607 i Fjaler, mellom Tyssebrua og Flekke.

– Vi har ein entreprenør som er i området, men vi har ikkje fått tilbakemelding frå han endå, seier Monica Øksengård, trafikkoperatør i Statens vegvesen.

Ho opplyser at det er mogleg å passere med personbilar.

– Vi har fått nokre telefonar frå bilistar som har køyrt forbi. Dei har fortalt at det er snakk om eit mindre ras, med steinar, jord og eit tre som ligg i vegbana, seier ho.